Teammembers

Anita Herheim
Lars Normann Hansen
Bjørn Ove Grøtan
Henrik Solgaard
Tina Jørgensen
Kjersti Nordskog

Inspiration

Som padlar står ein ofte att på land fordi ein ikkje fann nokon å padle med, eller fordi du ikkje hadde nokre gode idear for kvar du skulle padla. Du er kanskje usikker på om du kan ta med familien på padletur, då de har forskjellig erfaring og kunnskap. Eller du har lyst til å padla Noregs ti finaste padleruter, men er usikker på kvar og korleis dei er. Tenk om all denne informasjonen kunne samlast i ein app!

What it does

I Padleperler skal du bl.a. kunne planlegga turane dine, finna andre padlarar og potensielle turkameratar, finna kvar det er lettast å sjøsetta kajakken, og finna fine rasteplassar, kulturminner og andre spanande destinasjonar.

How I built it

Me har jobba med forskjellige datakjelder og utvikla metodikk for å tilpassa dataene til vårt formål. Me har utvikla ein enkel demonstrator med eit webkart som visar padledestinasjonar frå forskjellige dataleverandørar. Dette er eit enkelt webkart basert på Leaflet og WMS. I tillegg har me eksperimentert med drapering av WMS karttiles over høydedata i WCS-format.

Challenges I ran into

Det eksisterer fleire potensielle informasjonskjelder (friluftsrådene, godtur.no, osv.) som brukar data me ikkje får tak i og som ikkje er opne og enkle å ta i bruk.
For eksempel burde fkb-vann og fkb-høydekurver, som kunne vert brukt til nettverksanalyse (PG routing), vert opne datasett, for å gjere det mogleg å planlegge turar med minimal kajakkbering.
Nettdugnad (brukerinnsamla data) har ein del samtykkeproblematikk for vidare bruk, data som finst og som me kunne hatt bruk for, som gjer det vanskeleg å nytta enkelte datasett.

Accomplishments that I'm proud of

Me er stolte over å ha utvikla ein idé som har vakst seg stor, og som har eit valdsamt potensial.

What I learned

Me har lært at det kan vera kjekt og inspirerande og arbeida med folk me ikkje kjente på førehand. Og at ein kan få gjort mykje på kort tid.

What's next for Padleperler

  • Potensialet for Padleperler er veldig stort. Appen, slik som me presenterar han i dag, visar berre eit grunnleggande konsept.

  • Me ser for oss moglegheita for å inkludera ferskvatnspadling (elvar og insjø) og meir omfattande turplanlegging (vatnnettverk og minst mogleg kajakkbering) på sikt.

  • Sesongbetont turplanlegging, der me brukar satellittdata for is i fjordar og på vatn.

  • Vêr- og sjødata frå MET kan og bør inkorporerast i appen for å gjera det enklare og tryggare å planlegga turar som går over opne sjøstrekk.

    • vind (0-240 timer) wms

    • Nedbørradar (observasjoner) wms

    • Temperatur (0-240 timer) wms

  • Vasstandsdata frå Kartverket kan vera særs interessant for turplanlegging i fjordar og langs kysten.

  • KajakkBNB - legga til en funksjon som gjer det mogleg for brukarar å låna/leiga kajakk.

  • Legga til telt- og bålplassar, toalett, fyr og kulturminner.

  • WORLD DOMINATION!


  • Datasets we used

  • sjokart raster wms fra Kartverket

  • sjøtemperatur wms fra MET

  • Kulturminner - Askeladden WFS fra Riksantikvaren

  • anlegg- og frivillighetsregister fra datanorge.no
  • Share this project:
    ×

    Updates